tirsdag, desember 02, 2008

Bryllup i Thailand

Tidligere Team Nettverk-deltaker Cherry fra Thailand har giftet seg i helgen, og Silje og Else Karin var heldige å være gjester.

Silje skriver:
Jeg var veldig spent på hvordan thai bryllup kom til å være, og den største forskjellen jeg merket mellom thailandske og norske bryllup er gjestfriheten. I Norge ber vi bare de aller nærmeste, er ikke alltid man har plass til hele familien enn gang. For å gi et eks på hvor godt brudeparret kjente gjestene sine kan jeg fortelle at da de kom til vårt bord (vi satt med noen finske voluntører) for å takke oss for at vi kom, spurte de oss: "hvem av dere er norske og hvem er finske!"Jeg digger gjestfriheten her i Thailand, alle er velkomne!Det var veldig flott, masse mat og masse folk som det var gøy og treffe igjen.Festen varte i ca 2 timer, litt rart for oss norske og tusle hjemmover kl 20.00.Men siden bryllupskaka ble starta på, og underholdning og taler holdt på, mens vi spiste middag var det ikke rart det gikk fort!

Else Karin skriver:

Silje og eg tok på oss kjole, og gjekk den fem minutts lange turen til ELCT. Fyrst var det sjølvsagt viing i kyrkja der. Vi skjønte ikkje så mykje av preika, for den var jo på Thai, naturlegvis. Men Anne Brit, misjonær, tolka til oss, og den handla om at det er viktig i eit ekteskap å kunne be om tilgjeving. Eg tenkte "Ja, det er jo viktig!" Men her i Thailand er det meir enn berre viktig. Mannen er på ein måte "over" kvinna, så det er nedverdigande for ein mann å be kona si om tilgjeving. Difor er det veldig flott at ein prest kan seie at, ja, det skadar ikkje.Etter viinga var det sjølvsagt fotosession. Så var det litt trommeslåing og roping, medan brudeparet gjekk bort til staden der maten var. Då var mange av gjestane allereie begynt å forsyne seg for andre gong. Vi fann oss nokre kjentfolk, og satte oss ned med dei og åt. Medan vi åt, var det heile tida underhaldning frå scena; song, dans, taler og liknandde. Då vi var ferdige å ete, vart vi sitjande og prate, og fylgje med på det som skjedde på scena. Eg hadde lagt merke til at det heile tida var blitt fleire og fleire tome bord, men eg tenkte at folk berre bevegde seg litt rundt om på området i staden for å sitje i ro heile tida. Då klokka var sju merka eg at folk faktisk reiste heim att. Då var nemleg halvparten av borda tome, og ryddemannskapet var begynt å rydde opp. Vi drygde ei stund til, men klokka åtte var det berre dei nærmaste venene og familien igjen, og brudeparet, sjølvsagt, så då skjønte vi at det var på tide å reise, sidan vi ikkje akkurat var av dei nærmaste til brudeparet.Sjølv om vi reiste heim så tidleg, var det altså eit veldig kjekt bryllaup! Vi fekk møtt ein del folk vi ikkje har sett på lenge, og det var veldig kjekt! Og vi fekk sjå vår ven Ink frå Hald, på video frå Noreg. Med hue på hovudet og Thailandsk flagg i bakgrunnen.

Ingen kommentarer: