torsdag, februar 22, 2007

FENGSELSBESØK PÅ MADAGASKAR

På fredag var vi på vårt andre fengselsbesøk. Grunnen til at vi får besøke fengsel er at vi kjenner godt Dr. Velo. Ho bor rett utanfor ungdomssenteret i Sabotsina Namehana. Dr. Velo jobber med eit hiv/aids prosjekt i fegsla på Madagaskar.
Det er en ganske tøff opplevelse å besøke gassiske fengsel. Her kan ein sjå langt etter menneskerettigheiter. Kvar fengselcelle har mellom 80- 100 personar. Dr. Velo forteller at det er ei lita luke oppe mot taket der ein kan trekke inn litt frisk luft. På natta blir lufta så dårlig i cella at fangane må gå på skift opp til luka for å få puste. Fangane får ein kasava om dagen, dette er ein litt potetaktig grønsak. Dersom ein ikkje har familie som kommer med mat kan ein rett og slett dø av sult i fengselet. På det første fengselsbesøket vi hadde fekk vi so vidt sett litt inne i eit fellesområde. Vi kunne sjå fangar ligge rundt rundt inne på område som såg halvdøde ut og det var utrulig fullt med folk. Etterpå kom det nokre fangar ut, dei var berre skinn og bein og virka heilt sløve i blikket.
Homofili er eit stort problem på fengsela på Madagaskar. Det er fangar i fengsla som har mykje pengar frå før. Dei kan kjøpe seg mat. Det er svært vanlig at dei rike fangane bruker en eller fleire av dei fattige som sex-slavar i mot at han forsørger dei med mat.
På fredag besøkte vi Madagaskars største fengsel. Det litt rett ved sentrum så folk såg ikkje så tynne ut her. Det er fordi det er lettare for vennar, slektningar eller frivillige hjelparar å komme med mat til fangane.
Dr. Velo gjer ein utrulig viktig jobb i fengsla på Madagaskar. Fangane setter utrulig stor pris på ho og respekterer henne høgt, dersom ho trenger noko hjelp ser vi at fleire fangar kommer ilande til for å hjelpe. Fleire kaller henne berre Mor.
Jobben hennar er som sagt å forske på Aids og å informere om aids i fengsla. Det som gjer at fangane setter så stor pris på henne er at ho møter alle med respekt og venneligheit. Ho har også skaffa dei bedre tilbud på fritidsaktiviteter.
På fredag arrangerte ho ein konkurranse i fengselet. Kvar avdeling fra fengselet stilte ein representant til ein spørrekonkuranse om aids. I tillegg hadde Dr. Velo skaffa godt musikkanlegg og mikrofonar. Det var mange som kom fram og spelte og sang. Det er faktisk ei ganske kjent gassisk gruppe som opptråtte, pga pengetrøbbel var heile gruppa i fengsel. Dette skjedde på ei slags sene i fengselsgården og det var utrulig mange fangar som satte utrulig stor pris på dette.
Trass i dei forferdelige forholda dei lever under så var dei fleste sangane som var sunget kristne lovsangar og alle sang med.
Veldig mange av dei som sitter i fengselet har vore inne i fleire år utan rettsak. Dei anar ikkje når rettsake kommer opp eller når dei kan få fri. Mens vi var i fengelet var det plutselig ein fangevoktar som ropte opp eit namn. Han sa dersom du kjenner denne fangen kan du fortelle han at han kan gå, han er fri. Vedkommande fange ante fortsatt ikkje at dette var dagen han skulle sleppe ut. Seinare når vi var på ei lita omvisning på fengselet møtte vi på fangen. Han hadde då fått på seg klær og var klar til forlate fengselet. Dette tærer sjølvsagt på psyka. Du veit ikkje om du vil sleppe ut i dag eller om ti år.
Forholda i dag er forferdlige, men det satses på å få opp forholda. Prosjektet som Dr. Velo er med på er eksempel på dette.

Les mer og se bilder

Ingen kommentarer: