onsdag, januar 24, 2007

SHALOM
Vi vakna i sju tida. Lakenposen min var våt, boxeren min var våt, madrassa mi var våt og eg fullstendig dehydrert.
Vi er på båten Shalom. Drog laurdag 30. desember. Vi har segla i seks timar med Shalom. Då kom vi fram til ein utrulig idyllisk landsby, Boeny Aranta. Den låg langs ei strand som var fylt med palmar og fiskebåtar. Folk kom strøymande til når dei såg oss. Det var fryktelig mange unger i denne landsbyen. Når vi kom dit såg vi først på ei vasspumpe Shalom har satt opp. I denne landsbyen det ikkje går ann å komme seg til med andre framkomsmidler enn båt fins det ein helsestasjon reist med midler frå Askøy kommune, ganske artig. Det var ein spesiell følelse å gå rundt i landsbyen. Folk her lever i enkle hus som er bygget på sand. Utan elektrisitet og utan mobildekning. Vi var inne i eit hus, når det kom vindkast blåste det gjennom veggen, som var laga av noko slags bambus rør. Det var ikkje ein fattig landsby. Fiskarane her gjer det godt og det virka som folk hadde det bra. Vi venta på stranda på å bli henta i gummibåt tilbake til Shalom. Det var i ferd med å bli mørkt og det var utrulig fint. Fiskebåtane låg langs stranda og det palmetre og fine fargar.

Natta blei ganske hektisk. På grunn av den utrulige varmen, Mahajunga er ein av dei varmaste byane på Madagascar, bestemte vi oss for å ligge på ute på dekk. Lugaren hadde temperatur og luftfuktighet som ei badstue. Etter vi hadde lagt ute begynte det å regne. Så måtte ned i lugaren. Der låg eg og vrei meg i to timar, så var det ut på dekk igjen, det hadde slutta å regne. Då var det eit nytt problem. Det å ligge å høyre på mygg som suser rundt kan vere ganske irriterande i Noreg, men det e verre her. Kan tross alt få malaria av myggen. I sju tida vakna vi. Hadde svetta enorme mengder i løpet av natta, so følte meg heilt uttørka. Men vi gleda oss til å feire nyttår på denne plassen. I løpet av dagen var vi inne i landsbyen og gjorde oss betre kjent. Gjekk ein liten skogsttur, såg papegøyar, kameleonar og nokre gigantiske baobao tre. Vi tok gummibåten til ei mindre øy. Der bada vi på ein veldig idyllisk plass. Det var det varmaste badevatnet eg har vore borti. Sjølv om vi var overoppheta so var det so vidt vi kjente temperaturforskjellen når vi gjekk ut i vatnet.

Ingen kommentarer: