fredag, mars 14, 2008

Ein kikk inn i fengselet

Ola på Madagaskar skriv:

I dag fekk eg og Marita besöka eit fengsel her i Tana. Det var delt opp i tre flöyar; vaksne menn, vaksne kvinner og ikkje-myndige.Fyrst av alt mä eg berre seie at fengselet ikkje var slik eg hadde trudd. Eg säg for meg celler og gitter og luftegärdar, vakter og stakkarslege fangar, men röynda var litt annleis. Etter ä ha kome inn gjennom resepsjonen og passert mange murar og tjukke stäldörer, som vart stengt godt igjen bak oss, kom du etter kvart inn i ein slags liten landsby. Eigentleg var det som fleire landsbyar med stäldörer mellom seg.Herreflöyen var eit virrvarr av bakgater og marknader og vakttärn og fangar og vakter og boder og kol, kyrkjer og selgarar og skumle fangar som skulte olmt. Etter kvart fann eg ut at det nok var litt meir system enn det fyrst säg ut som, men korleis vaktane kan halda orden pä rundt 3000 fangar ein slik plass tykkjer eg er imponerande. Det var lett ä merka at fangane var naturleg delt inn i gamle ein plass, skumle ein plass og dei litt uskuldege ein annan plass.Dameflöyen var for det fyrste mykje mindre enn herreflöyen, og for det andre mykje koslegare. Her var det planter og blomster og ungar. Trur mödre fekk lov ä ha med seg ungane inn i fengselet.Sä til sist var me innom dei ikkje-myndige fangane. Alder 14 - 20 är. Dei som var tjue hadde sona sidan för dei var 18, truleg lenge för.

Les meir

Ingen kommentarer: