søndag, februar 22, 2009

Utfordringar i kvardagen

Øyvin på Madagaskar skriver:

Eg har vore i Madagaskar i godt over fire måndar no. Eg trives i Madagskar, og eg trur det blir vanskeleg å omstilla seg til Noreg igjen. Ikkje berre vanskeleg, men også sjokkerande og trist. Det blir leit å koma heim igjen til overflod, sløseri og likegyldighet etter å ha tilbrakt 6 måndar på Madagsakar, med misjonerar, engasjerment og gode verdiar. Eg ser ikkje fram til gli inn eit samfunn som ikkje stiller seg kristisk til eigen pengebruk og som ikkje tar annsvar - på tross av att alt ligg til rette.

Me hadde anndakt i dag tidleg. Om den rette faste. Om å leva med rett fokus, om å tenkja på andre enn seg sjølve. Det er jo derfor eg er her nede i år - for å hjelpa andre, for å bidra med det eg kan. Dette er vanskeleg.

Eg er rik, utfatteleg rik i forhold til gassarane. Ei utømmeleg pengesekk.

Det er ikkje noko kjekt å bli sett på som ein utømmeleg pengesekk. Og det er slitsomt å væra så klar over at det faktisk er faktumet. Eg skammar meg over det kvar kveld, men klarer alltid kome opp med mye grunnar til å ikkje gjere noko med det; Det er ingen framtid i å gje pengar til ein som tiggar ( eg har jo ikkje lov heller ), eg har ikkje lov til å ta med meg framande heim, kva trur dei om meg vist eg kjøper mat til dei, for kvar gut eg hjelper strøymer det 100 nye til.

Saken er, ingen av desse unskyldningane er gode unskyldningar. Og eg veit det. Det er ingen ting i vegen for at eg skal gi alt eg eig til dei som ingenting har. Likevell gjer eg det ikkje. Og midt i min trasige situasjon innbillar eg meg at det er ein vanskeleg situasjon for meg, at det er synd i meg. Eg som har tak, mat, venar, familie og einvegs billet til Noreg. Preben, 1 åring på Madagaskar sa noko flott til meg idag angåande dette. Noko som ikkje berre gjeld meg her nede, men noko som gjeld alle som les denne bloggen.

Preben sa: "Det finnes ingen store gjerningar, berre små gjerningar med stor kjærleik - Moder Theresa"

Det er lett å bli hjelpelaus og motlaus når ein tenkjer på bistand og u - hjelp. Spesielt når ein er midt oppi det, og ser at sjølv om ein gir brød til ein unge, så strøymer det alltid 10 nye til. Dette er noko eg verkeleg har kjent på. og den tilsynelatande håplause situasjonen fører ofte til at eg ikkje gjer noko i det heile, sidan det verker så håplaust stort og uoverkommelig. .

Det er då godt å minna seg sjølv om at ingen kan gjera alt, og at det heller ikke er meininga.

Det handlar ikkje om å utsette alle gode planar om fine gjerningar til du kan redde heile Afrika, dei planane kjem du aldri til å få ( notat til meg sjølve: ikkje du heller Øyvin ).

Grip dagen, du får ikkje gjort meir enn du sjølve gjer.

Les mer


Ingen kommentarer: