onsdag, november 15, 2006

Vi kom fram til Fandriana etter det hadde blitt mørkt. Fandriana er ein landsby med strøm ca 2 timer i døgnet, utan innlagt vatn og dårlig mobildekning. Hald jentene jobbar på lærarskulen som engelsklærarar. Dei bur på internatet med dei andre lærarstudentane. Alt vatn som skal brukast må hentes i brønnen. På kjøkkenet har dei ei bøtte med reint vatn, og ei med skittent vatn frå oppvask og slikt, skittenbøtta må tømmast like ofte som reinebøtta må fylles. Det å gå å bere rundt på vatn hit og dit er tungt så Rune og eg er veldig glad for å ha innlagt vatn.

Read more

Ingen kommentarer: