torsdag, oktober 18, 2007

Førsteinntrykk fra Madagaskar




På laurdag reiste me frå Antananarivo til Antsirabe.Turen gjekk rimeleg smertefritt, utanom litt vondt i knea. Her kostar det tjue kroner for ein busstur på over tre timar.Altså blir sjåføren betalt 300 kr, for over tre timar kjøretur. Lurer på kor mykje han sitt attmed når bensin og vegavgift og alt mogleg anna er betalt?Eg kan nesten ikkje tru at det berre er litt over ei veke sidan me forlot vårt dyre fedreland. Det føles som me har vore vekke i ein månad. Me har busett oss på ungdomssenteret. Kome i vane med å laga mat. Lært oss vegen til bussen og sentrum.Samt lært oss å hilsa på folk.Men å gli inn i mengda er nok eit litt stort prosjekt.Kor enn me går høyrer me heile tida: "Vazaha! Vazaha!" Anten frå ein unge som oppspilt og smilande oppfører si samfunnsplikt; å informera om at det er kvite langs vegen. Eller frå ei gamal kone, som snur seg så bylten på ryggen kan sjå, og kviskrar: "Vazahaa.." Ein må berre smila tilbake og seia: "Salama tompoko" (uttalast salama tompko), eller helst berre smila. For om du fyrst helsar på nokon, er det ingen ende på kor mykje det skal handhelsas og forteljast og høyrast og smilast. "Er det noko nytt?" som om du snakka med ein gamal bekjent. "Ånei, så de er ikkje franske." Ingen franskmenn på Madagaskarsnakkar noko anna enn fransk. "Undervisa i engelsk, på skular?" Osv.. osv...Veldig koseleg, men så går også dagen..Å væra kvit i Afrika er et bittert privilegie. Du blir utsatt for ein slags omvendt rasisme. Folk ser opp til deg (eller rettare sagt opp på deg, gjennomsnittshøgda her er ikkje 180...), og anten du vil det eller ei, må du sjå i auga at du faktisk er ein vazaha. Kvit og rik.At du er kvit betyr faktisk at du òg er rik. Eg kan kjepe så mykje mot det eg vil; ta buss i staden for taxi, gå i staden for å kjøra pouss-pouss, kjøpa mat på marknaden i staden for i vazaha-butikkane, laga mat og vaska klær sjølve; ikkje ha hushjelp. Uansett kvar eg kjem eller kva eg gjer så er og blir eg kvit og rik.Elles er alt vel. Me lærar språket sakte men sikkert. Visste du at 987.654.326 på gassisk vert uttala:Enina amby roapolo sy telonjato sy efatrarivo sy dimialina sy eninahetsy sy fito amby'nyvalopolo sy sivinjato tapitrisa. Så enkelt kan det nemlig seiast.

Ingen kommentarer: