mandag, november 05, 2007

Privilegium å være nordmann på Madagaskar!

Madagaskar er eit fint land. Det er eit sant privilegie å væra nordmann her. I det same folk forstår at du er norsk, vert servicen og glimtet i auga, auka eit par tre hakk. For eksempel på flyplassen (dette burde jo vore skrive ned for leeenge sidan.. men det er rart med det). Det var rigga opp til skikkelig tollinspeksjon. All bagasje skulle opnast og vendast. Då det vart vår tur, spurte tollfyren om noko på fransk, kva veit eg ikkje, og eg ymta fram at eg nok berre kunne engelsk. "Were are you from?" spurte han, med morsk mine. Jo frå Norge, svara eg. Og som med eit knips forsvann den morske mina. Du har vel klær i sekken din du? spør han og visar tydeleg at klær er det ingen grunn til å undersøkje, før han visar oss velkomne inn i Madagaskar.
Ein annan ting, som eg tykjer er vel vert å feste seg med, er at mange gasserar smilar med tennene saman. Du bør prøva. Klem tennene sånn halv-hardt saman og lag eit så breidt smil som du klarer. Og slik smiler dei nesten heile tida..

Les mer på Ola sin blog

Ingen kommentarer: